Lista over tilbod som kom inn ser slik ut, i stigande rekkefølgje:

Hæhre Entreprenør AS

857.462.866,74

Leonhard Nilsen & sønner AS

936.092.840,18

AF Gruppen Norge AS

936.613.387,00

Bertelsen & Garpestad AS og Veidekke AS

952.936.803,27

Skanska Norge AS

960.504.725,00

- Prisnivået er omtrent slik me hadde forventa, og fem tilbod gjer at det er god konkurranse om å få byggje vegstrekninga, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen.

Strekninga Varpe Bru – Smedalsosen består av 14 km veg i dagen og seks kilometer tunnel. Kontrakten startar nokre kilometer aust for Tyinkrysset, strekk seg over fylkesgrensa og til Smedalsosen, der ein møter vegstrekninga Smedalsosen-Borlaug, som skal fullførast i år. Arbeidsstart på Varpe Bru – Smedalsosen er venta på våren/forsommaren i år, og strekninga skal stå klar til bruk i 2017.