- Hæhre entreprenør har no knappe 1,2 kilometer igjen av tunneldrivinga, og dei fekk gjort mykje på vestsida av anlegget under dei tre vekene me stengte E16 i juni, seier byggjeleiar Harald Stadheim på strekninga Varpe Bru - Smedalsosen.

Ferietid

No er entreprenør i gang med å trappe ned for ferieavvikling, og frå onsdag 8. juli og to veker framover blir det stillstand i utandørs arbeid på Filefjell. Bilistane vil merke det ved mindre lysreguleringar og stort sett køyring på tofelts veg over fjellet. Men fartgrensa vil framleis vere sett ned til 50 og 70 km/t på grunn av grusveg og smale, omlagde og humpete parti.

Støyping

Førre veke var det støyping av dekke på Grøna Bru, vest for Kyrkjestølen, og utlegging av pukklag fleire plassar langs veglinja for å få vegen høgt nok i terrenget. Ein merkar godt at fleire strekningar av vegen byrjar å nærme seg ferdige frå vest.

På austsida er ein i ferd med å få opp dei høge fyllingane ved Tyinkrysset, og entreprenør er godt i gang med å forskale Køla bru, som vert støypt etter ferien.

Gradvis betre

- Under stenginga jobba Hæhre 24 timer i døgnet, og ein ser store framskritt, mellom anna på strekket forbi Darbuviki. Dei gjorde òg ein fantastisk jobb med å få hytteeigarane fram til eigedomane sine dei tre vekene stenginga varte, seier Stadheim.

Hæhre entreprenør har planar om å gjere ferdig 7 km av vegen frå vest og ein kilometer frå aust i løpet av året, så bilistane vil gradvis merke betre vegstandard over Filefjell.