Spesielt eit par utfordrande punkt gjer det svært krevjande å halde trafikken gåande medan ny veg blir bygd. For å redusere ulempene for trafikantane og anleggsarbeidarane, vil Vegvesenet difor stenge vegen heilt i perioden:

Frå måndag 1. juni klokka 06.00

Til fredag 19. juni klokka 14.00

Vegen blir stengt ved Slutebakken, mellom Øvre og Nedre Smedalsvatn gjennom heile perioden, også i helgane. Hæhre entreprenør AS vil jobbe på skift gjennom heile døgnet for å få gjort mest muleg medan stenginga varer.

Grunneigarar og hytteeigarar skal få tilgang til å kome seg fram til eigedomane så langt det er muleg i perioden.

Gjennomfartstrafikk må nytte omkøyringsvegane:

  • Fv. 53 Tyin-Årdal (maks høgde 4 meter)
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet / fv. 51 Golsfjellet

 

Omkjøring-E16-Filefjell-webOmkjøring-E16-Filefjell-web

Totalt sett meiner me stenging ein kortare periode er den beste og mest oversiktlege løysinga for mange, men me orsakar ulempene dette vil medføre for dei som blir hardast råka av stenginga.

Samstundes vil me opplyse om at fleire kilometer av E16 over Filefjell vil bli gjort ferdig, med asfalt, i løpet av hausten 2015.