Statens vegvesen har utarbeidd forslag til reguleringsplan for justert E16 forbi Kola bru, i Vang kommune i Oppland fylke. Planforslaget ligg ute til offentleg ettersyn fram til 26.juli 2013.

Vil erstatte reguleringsplan

Etter høyring av planen vert alle innkomne merknader vurderte av Statens vegvesen. Forslag til reguleringsplanen vert deretter, saman med desse vurderingane og innkomne merknadar, sendt til Vang kommune for politisk handsaming.

Dersom denne reguleringsplanen vert vedteken vil den erstatte reguleringsplan E16 Varpe bru-Nystuen på denne strekninga.

Bakgrunn

Reguleringsplan for E16 frå Nystuen til Varpe bru vart vedteken i Vang kommune 24.mai 2012.
I april 2013 sendte Statens vegvesen ut brev til offentlege etatar og råka grunneigarar vedlagt kart. Målet med brevet var å høyre endring av vegsystemet forbi Kola bru.

Dersom alle råka grunneigarar og offentlege etatar var samde i endringane, ville løysingane bli sendt til Vang kommune for handsaming, som mindre endring av reguleringsplanen «E16 Varpe bru-Nystuen».

Ein grunneigar gav innspel til planendringane. På bakgrunn av dette innspelet vart konklusjon at endringane forbi Kola bru må gjennomførast med offentleg høyring som eigen reguleringsplan.

Spørsmål kan rettast til:
Iren Meisterplass, tlf 57 65 57 23 /epost iren.meisterplass@vegvesen.no

Frist til å komme med merknader til planforslaga er 26.juli 2013

Eventuelle merknader må vere skriftlege og skal sendast til:

Statens vegvesen Region vest
Askedalen 4
6863 Leikanger

Merk brevet med: saksnr 2011052545