Hæhre Entreprenør starta arbeidet i slutten av mai, og prosjektleiar Odd Erik Haugen er godt nøgd med innsatsen som er lagt ned så langt på den rundt 20 kilometer lange strekninga.

- Hæhre har hatt ein veldig rask og effektiv oppstart, så dei har kome godt i gang på anlegget. No er dei over 160 mann i arbeid her, og endå fleire kjem til veka, når andre tunnelskiftet kjem på plass. Mot slutten av august vil det vere tunneldrift i begge endene av den 6 km lange Filefjellstunnelen, seier prosjektleiar Haugen.

Av med torva 

Langs E16 over Filefjell kan bilistane tydeleg sjå at store ting er på gang. Mykje terreng har fått av seg torva, og gravemaskinar, dumparar og lastebilar jobbar effektivt. Ved Smedalsvatnet er også første fundamentet til ei bru snart klar for støyping. Betong får dei frå eiget mobilt blandeverk som er sett opp ved Varpe Bru, lengst aust på parsellen.

Hæhre har også gjort eit grundig forarbeid ved å merke ut anleggsgrensa langs heile traseen med stikker og band. I tillegg er kulturminne inngjerda med plank, slik at maskinar ikkje skal kome ut i område der dei ikkje skal vere. Dette er spesielt viktig då Kongevegen over Filefjell går nær E16-traseen på fleire plassar.

Stor aktivitet

Aktiviteten i Tyinkrysset har auka veldig dei siste månadene, og rundt Tyinkrysset Fjellstue har Hæhre fått sett opp tre svære brakkeriggar: To soveriggar og ein kontorrigg. Snart skal ein tredje soverigg også på plass i området.

6. august gjekk første pilotsalva i det austre tunnelinnslaget, og no, rundt to veker seinare, har dei jobba seg 50 meter inn i fjellet. Hæhre satsar på å halde fullt trøkk på tunneldrifta gjennom vinteren, men vil redusere innsatsen på veg i dagen gjennom dei hardaste vintermånadene på fjellet.

Nytt prosjektkontor

Statens vegvesen har også flytta store deler av prosjektorganisasjonen på E16 Filefjell austover som følgje av meir aktivitet på austsida med den nye kontrakten. Ein ny og moderne kontor- og boligrigg er kome opp rett ved sidan av bensinstasjonen i Tyinkrysset, og så langt har rundt 15 personar teke plass på det nye byggherrekontoret.

- Me trivst veldig godt her i Tyinkrysset, og kontorlokala fungerer kjempebra, med romslege møterom, seier byggjeleiar Harald Stadheim på E16 Varpe Bru - Smedalsosen.