- Arbeidet har gått voldsomt bra, og vêret har vore med oss no i haust. Så samla sett har me fått gjort meir enn me trudde i år, seier byggjeleiar Harald Stadheim på E16 Varpe bru - Smedalsosen.

Den siste månaden har asfaltlaga jobba for fullt på E16 Filefjell, og rundt sju kilometer frå Smedalsosen og austover til fylkesgrensa er no ferdig asfaltert.

Heva og planert

Før det har Hæhre entreprenør gjort ein formidabel innsats med å planere terreng, heve vegbana med pukk og legge opp fine grøfter langs vegskuldrene. Vegen blir i gjennomsnitt heva to-tre meter for blant anna å sikre at snøen bles av og ikkje blir liggande.

Nyleg starta asfalteringa også på austsida av anlegget, og frå Varpe bru skal halvanna kilometer gjerast ferdig i bakkane opp mot Tyinkrysset før vinteren set inn. I tillegg er det sett opp master til kolonnelys på deler av strekninga, men desse kjem ikkje i drift før neste vinter.

Gjennomslag 27. oktober

No står gjennomslag i tunnelen for døra.

- Entreprenøren har planlagt gjennomslaget til den 27. oktober, og då blir det ein skikkeleg markering på anlegget. Etterpå byrjar arbeidet med å byggje opp grøfter for drenering og elektro, legge trekkerøyr, samt frakte inn knuste steinmasser til vegbane i tunnelen, seier Stadheim.

I sommar har det på det meste vore 250 tilsette i sving på anlegget, med 120 store maskinar i drift. Då er den daglege omsetningen på over 1,5 millionar kroner på E16 Filefjell.