I januar kunne Statens vegvesen og Betonmast Hæhre Anlegg AS skrive under avtalen på sluttoppgjeret utan tvist. Det markerte avslutninga på eit særdeles vellukka samarbeid mellom byggherre og entreprenør.

- Prosjektet har glidd godt heilt frå starten av, og eg minnest at Hæhre allereie under samhandlingsmøta før oppstart sa at dei skulle vere "best på samarbeid". Og det har åra på Filefjell verkeleg vist, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen i Statens vegvesen.

Han trur ein av grunnane til at det gode samarbeidet har halde seg i heile anleggsperioden, er at alle har lojalt følgt opp levereglane som vart avtalt på samhandlingsmøta. Dette var mellom anna verdiar som at ein skulle vere ærlege, løysingsorienterte og ha respekt for kvarandre.

100 mill under budsjett

Den siste tida har me sett fleire eksempel på anleggskontraktar der usemje om oppgjer har hamna hos rettsvesenet. Men på Filefjell ser me eit anlegg der både tidsfrist og pris har blitt betre enn forutsett. 20 km ny veg, derav 5,8 km tunnel, er bygd over eit vêrhardt og såbart høgfjellsterreng - og opna tre månadar før planlagt tid.

Siste overslag viser at delstrekninga er bygd for 1,6 milliardar kroner, rundt 100 millionar under styringsramma på 1,7 mrd. Undevegs er det tatt omsyn til både bilistar, naboar, hytteeigarar, og næringsliv langs veglinja.

- Handlar om innstilling

Prosjektleiar Trond Simensrud i Betonmast Hæhre Anlegg meiner at å unngå konflikt først og fremst handlar om innstilling.

- Det handlar om folka på anlegget, og at ein er innstilt på å ha det bra på jobb, få til eit godt samarbeid og til sjuande og sist få eit godt resultat. Ynskjer du å krangle, kan du få det til, sjølv om prosjektering og kontraktsgrunnlag på anlegget er godt og tydeleg, seier Simensrud.

Konflikt-potensiale

Simensrud poengterer at delstrekninga hadde potensiale for konflikt, då det vart avdekt og knytta stor usikkerheit på tilgangen til nok mengde og gode nok steinmassar til vegføremål. Delar av tunnelen vart driven gjennom bergarten fyllitt, og slikt fjell er for svakt for dei øvre laga av vegen.

- Behovet for gode steinmassar vart løyst kjapt, i godt samarbeid med vegvesenet og Lærdal kommune. Alt av gode steinmassar i linja vart utnytta og tatt vare på til overbygning, og massetaket me fekk regulert vest for delstrekninga, gjorde at me fekk tilgang på massar, slik at me kunne halde oppe trøkket i vegbygginga, seier Simensrud.

Håndtering av to millionar kubikkmeter med jord- og fjellmassar krev store områder, spesielt på høgfjellet då det er utfordrande å byggja veg vinterstid. Gjennom godt samarbeid mellom partane i prosjektet og kommunane vart det i tillegg til planlagde deponi og mellomlagringsområder skaffa til vege ytterlegare areal som sikra samfunnsnyttig bruk av massane samtidig som vegbygginga ikkje vart forseinka.

Fekk bonus

Kontrakta på Varpe Bru – Smedalsosen inneheldt også eit punkt om bonus for kvar kilometer veg som blei gjort ferdig og asfaltert tidleg frå kvar ende av strekninga. Dette gav ein stor fordel for bilistane, som slapp å køyre kilometervis på anleggsveg over fjellet. Simensrud og hans tilsette klarte å hente ut 11 millionar i bonus, men han påpeiker at dei måtte snu delar av driftsopplegget sitt for å tilpasse seg ordninga.

-Det logiske for oss ville vere å bygge veg frå tunnelen og utover. Bonusordninga gav ein god effekt for trafikkantane, men kor mykje me vann totalt sett, er eg usikker på, seier Simensrud.

Fungerer som planlagt

Odd Erik Haugen meiner Hæhre-kontrakta har vore prega av godt samarbeid og ei løysingsorientert haldning. Dette gjeld også for elektroentreprenøren Mesta AS, der det også er einigheit om sluttoppgjeret.

-Ting har blitt ordna på lågast mogleg nivå heile vegen, og me har jobba mot eit felles mål. På Filefjell-prosjektet har det vore brukt tradisjonelle einheitspriskontraktar, og dette syner at samhandling mellom personane er meir avgjerande enn kontraktsformer for å unngå konfliktar, seier Haugen.

Dei siste vekene har me òg sett at vegen tener sin funksjon som sikraste vintervegen, ved at E16 Filefjell i all hovudsak er open for fri ferdsel medan andre fjellovergangar er kolonnekøyrde eller stengde.

- Det er svært gledeleg å sjå korleis god planlegging og godt handverk med vegbygginga gir god effekt når det stormar som verst, seier Odd Erik Haugen.