- Tidlegare var Maristovelia den store flaskehalsen opp frå vest, men etter at Borlaugstunnelen vart opna, er det området problemfritt. Brøytemannskapa opplever ein heilt anna kvardag,  og no er det i praksis ny veg heilt opp på høgfjellet frå vest, seier byggjeleiar for drift- og vedlikehaldskontrakta i området, Rune Dvergsdal.

Etter stor innsats frå Hæhre Entreprenør det siste året, er rundt sju nye kilometer på vestsida opna for trafikk, slik at det til saman blir nærare to mil ny veg å køyre på frå vest. Det merkast godt for både bilistar og dei som skal halde E16 Filefjell open.

Arbeid på aust

På austsida er vegen ny det første stykket opp frå Varpe bru, men svingane opp frå Tyinkrysset vil framleis vere ein flaskehals for tungbilar, då trafikken enno går på gamal trasé opp mot Nystuen og høgste punktet på fjellovergangen over Varden. Slik blir situasjonen til ut 2017, då den nær 6 km lange Filefjelltunnelen skal stå klar til å ta imot trafikken.
Etter gjennomslaget i tunnelen for ein månads tid sidan, er etterarbeidet no i full gang. Hæhre Entreprenør reinskar først sålen i tunnelen og køyrer ut massane, før pukk vert fylt på til ny vegbane.

Mykje å gjere

Eit stort og viktig arbeid er å bygge gode grøfteanlegg for drensvatn, og det vert lagt inn røyrsystem i tunnelen for vatn og trekkerøyr for elektriske installasjonar.
- Dette arbeidet er allereie kome godt i gang på vestsida av tunnelen. Men det er mykje arbeid som skal gjerast over 5,8 kilometer, og etter planen vil det vare ut heile 2016. Så kan arbeidet med dei elektriske installasjonane starte i januar 2017, seier teknisk byggjeleiar på tunnel Sverre Kjos-Wenjum på E16 Filefjell-prosjektet.
Etter planen skal elektrokontrakten lysast ut til våren.

Ny trasé ute

Parallelt med arbeidet i botn av tunnelen skal det borast boltar i himlingen for PE-skum til vass- og frostsikring. Montering av PE-mattar vil starte rett over årsskiftet. På den delen av arbeidet har Hæhre leid inn Skanska som underentreprenør.
- Det vil vere full aktivitet i tunnelen gjennom heile vinteren, og framdrifta er i rute, seier Kjos-Wenjum.
Utandørs føregår det arbeid i Tyinkryss-området med påfylling av stein der vegtraseen skal byggjast opp i høgda. Frå tunnelopninga ved Varden vil arbeidet med ny E16 halde fram forbi Kyrkjestølen og bort mot Grøna Bru der ein skal kopla seg på vegstrekket som alt ligg ferdig.