- Når denne strekninga står ferdig, står også den nye kongevegen over Filefjell ferdig, sa ordførar Vidar Eltun frå Vang i Valdres, før han tok det første spadestikket saman med Lærdal sin ordførar Jan Geir Solheim.

I strålande vêr vart markeringa ein stor augneblink for dei to ordførarane, flankert av vegvesenets byggjeleiar Harald Stadheim og Hæhre Entreprenør AS sin prosjektleiar Trond Simensrud.

Historisk dag

Vang-ordføraren trakk i sin tale dei historiske linjene tilbake til bygginga av Kongevegen over Filefjell på slutten av 1700-talet, og korleis vegen opp gjennom tidene har vore ein viktig ferdselsåre mellom Aust- og Vestlandet.

- Både eg og mine forgjengarar i stamvegutvalet er nok svært fornøgde og stolte i dag, sa Eltun.

Stabil

Lærdalsordførar Jan Geir Solheim gledde seg til å få ein fjellovergang som er heilt stabil frå seinhausten 2017, med minimalt med vinterstenging.

- Eigentleg synest eg ikkje dette med tunnelane er det mest spanande med Filefjellsvegen. Tunnelar har me nok av i Lærdal. Det eg synest er spanande, er korleis vegen skal byggjast opp i terrenget over høgfjellet for å unngå at snøen legg seg. Det trur eg kan bli ein teknikk som blir meir nytta på fjellovergangane framover, sa  Solheim.

Godt i gang

Etter spadestikket fikk ordførarar og frammøtt presse bli med bort til der vestre tunnelinnslag på Filefjellstunnelen kjem, like aust for Kyrkjestølen. Etter ein god vekes arbeid er Hæhre Entreprenør AS  kome godt i gang. Mykje skog er rydda langs deler av strekninga, og mange lastebilar og maskinar var i arbeid måndag, mellom anna med å avdekke påhogget på vestsida.

Prosjektleiar Trond Simensrud i Hæhre Entreprenør AS takka for god mottaking hjå dei to vertskommunane, og Statens vegvesen fekk takk for å ha lagt godt til rette for dei.

- Første tunnelsalvene vil gå i august, frå begge sider av fjellet. Og går ting som me håpar, vil dei to arbeidslaga møtest inne i fjellet ein gong på hausten 2015, sa Simensrud.

Han sa at Hæhre satsar på å variere innsatsen på fjellet mellom sommar og vinter. Tunnelarbeidet vil gå jamt og trutt gjennom vinteren, medan arbeidet ute vil gå med redusert kapasitet gjennom dei hardaste vintermånadene. Våren 2015 vil dei bemanne opp til full sommardrift med rundt 150 mann på anlegget totalt.

Asfaltering etter kvart

Statens vegvesen sin prosjektleiar Odd Erik Haugen gler seg over at arbeidet er kome godt i gang på Varpe Bru-Smedalsosen, og han såg fram til samarbeidet med Hæhre. Han minte og om at ferdige vegstrekningar blir opna etter kvart.

- Me vil no få asfaltert ca ei mil frå Borlaug på vestsida av Filefjell, og vidare kan me rekne med nesten like mange kilometer til neste år og i 2016, slik at alle dei fire mila over Filefjell blir ferdigstilt i 2017, sa Haugen.