Kvar veke jobbar tunneldrivarane i Filefjelltunnelen seg 100 til 120 meter innover i fjellet, og tysdag i førre veke vart ei merkedag på E16 Filefjell då halvparten av den 5,8 km lange tunnelen var ferdig utsprengt.

- Stemninga var på topp, og me feira med kake frå Vegvesenet i skiftbyttet, seier anleggsleiar tunnel Reidar Løvhaugen i Hæhre Entreprenør AS.

Han fortel at tunnelarbeidet går som planlagt, og det er godt fjell å jobbe i på begge stuffar.

- Godt rigga

Gjennom dei hardaste vintermånadene har vegbygginga møtt minimalt med utfordringar grunna vêr og kulde, takka vere god planlegging i forkant.

- Me tok høgde for ein tøff vinter, og alt som har med vatn å gjere har vore ekstra isolert eller utstyrt med varmekablar, seier Løvhaugen.

- Det er ikkje tvil om at dei har vore godt rigga. Etter jul gjekk dei rett i gang med boring i tunnelen, og alt fungerte, seier teknisk byggjeleiar tunnel Sverre Kjos-Wenjum i Statens vegvesen.

Etter planen vil Hæhre Entreprenør sprenge gjennomslagssalva i Filefjelltunnelen mot slutten av 2015.