Medan anleggsfolk, gjestar og frammøtt presse fekk vente i ei havarinisje i trygg avstand frå sprenginga, fekk Nystuen bli med skytebasen fram og sjå korleis lunta vart tent.

Etter eit solid brak, gjekk turen fram for å kikke på røysa, og der viste ei jamn og fin bue seg i taket der det tidlegare hadde stått ein vegg av stein.

- Dette var veldig kjekt å vere med på, og synet av lunta som brann vil eg hugse lenge, sa Sigrid Nystuen, som eig Nystova fjellstue og ein stor fjelleigedom på utsida av tunnelen.

Over 900 kilo sprengstoff gjekk med for å sprenge ned 400 kubikkmeter med fjell i gjennomslagssalva.

- Perfekt treff

- Me vil gratulere Hæhre med gjennomslaget, og det ser ut til at dei har treft perfekt. Det er alltid litt spenning knytt til korleis ein tunnel vil møtast på midten, men her er det berre å senke skuldrane. Arbeidet med tunnelen har også gått på skinner, og heilt etter framdriftsplanen, sa Sverre Kjos-Wenjum, teknisk byggjeleiar på Filefjelltunnelen.

Etter gjennomslaget var eit faktum, gjekk turen med buss ut av tunnelen og bort til ein av Hæhre sine rubbhallar. Der var det rigga til med grillmat, kaffe og kake, samt scene for talar og underhaldning. Hæhre hadde til og med fått på plass ein overrasking til dei frammøtte, då den sinte ferjebillettøren Kjell "Kjellen" Bigset frå Ørsta dukka opp på scenen og dreiv harselas med mellom anna Vegvesenet, Hæhre, syklistar og innsparing i private og offentlege verksemder.

8,7 ferdig

Deretter var det tid for talar, og representantar frå Hæhre og Vegvesenet takka kvarandre for innsatsen og det gode samarbeidet som har vore på vegprosjektet E16 Varpe bru - Smedalsosen. At Hæhre har gjort ferdig 8,7 kilometer ny veg over fjellet vart også grundig markert.

- At vi på litt over eitt år har masseutskifta, fyllt opp og etablert nesten ni kilometer ny E16, med grøfter, bruer og uvêrslys, det er imponerande, og eg trur nesten det må vere rekord for oss i Hæhre, sa prosjektleiar Trond Simensrud i Hæhre Entreprenør.

Avdelingsdirektør Kjartan Hove i Statens vegvesen trakk dei store linjene, påpeika den nye vegen sin viktige samfunnsfunksjon.

- Det er klart me skal gratulere kvarandre med god innsats i dag, men dei som ikkje er her bør gratulerast minst like mykje. Det er dei framtidige vegfarande som skal nytte vegen over Filefjell. Det er dei som til sjuande og sist har den store gevinsten, med ein kortare, sikrare og meir rasjonell veg, sa Hove.