Arbeidet med å byggje ein endå sikrare vinterveg over Filefjell er i full gang. Eit av grepa er å heve vegen i terrenget, slik at snøen lettare skal blåse av vegen. Til dette går det med meir steinmassar enn det som blir sprengt ut ved veg- og tunnelbygginga. Statens vegvesen har difor laga eit forslag til reguleringsplan for masseuttak Torvmo i området ved sørenden av Nedre Smedalsvatn i Lærdal kommune.

Reguleringsplanen omfattar to område for uttak av stein, og det kan totalt takast ut inntil 350 000 m3 stein i planområdet. Omfang av uttaket vert i høve til faktisk massebehov til bygging av veganlegget.

Prosjektleiinga på E16 Filefjell ser område M2 (sjå plan i vedlegg) som det beste området for uttak av stein. Då vil ein òg få fjerna ein dominerande vegskjering langs E16, slik at landskapsbiletet i dette området blir betre.