Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen testa 16. og 17. februar dei sentrale fjellovergangane i Sør-Noreg. Måndag køyrte ministeren E16 frå Oslo til Bergen, og ved prosjektkontoret i Tyinkrysset møtte han dei tilsette på E16 Filefjell og leiinga i Hæhre Entreprenør AS. Solvik-Olsen fekk sjå veganlegget og påhoggsområda til Filefjelltunnelen, der Hæhre no har drive nær 2,5 kilometer av den 5,8 km lange tunnelen. 

Prosjektleiar Odd Erik Haugen sat på i ministeren sin bil frå Ryfoss, nokre mil lenger nede i Valdres, slik at han fekk tid til å snakke om opprustinga av E16 Filefjell medan dei køyrte. I bilen var også regionvegsjef i Region øst Per Morten Lund og Kjell Kvåle frå styrings- og strategistaben i Statens vegvesen Region vest. Kvåle var med på heile E16-turen, og fungerte som kjentmann som satte statsråden inn i Vegvesenet sine planar og vurderingar medan dei køyrte.

Til dei E16-tilsette i Tyinkrysset lovde Solvik-Olsen at han vil gjere sitt ytterste for å få dei 55 millionane i oppstartsløyving til delstrekninga Øye-Eidsbru tilbake på budsjettet, kanskje allereie i revidert statsbudsjett seinare i år, slik at heile E16 Filefjell kan bli bygd ferdig utan for store forseinkingar.