Den nye vegen over Filefjell skal byggast slik at ein skal sikre mest mogeleg fri trafikkavvikling over fjellet, også vinterstid. I dette ligg også vurderingar i høve bruk av «brøytelys»/gatelys, og vegvesenet har difor fått montert ein testrigg for utprøving av ulike typar lys på fjellet.

- No i vinter køyrer vi test av ulike armatur for å sjå kva effekt dei ulike lystypane/armatura har og kva type lys som fungerer best under dårleg vêr. Testen skal om muleg gi oss svar på om det er aktuelt å etablere brøytelys langs E16 frå Smedalsosen til den nye Filefjellstunnelen og kva type lys som fungerer best under dårleg ver. Det er planlagt at brøytelysa berre skal nyttast under dårleg vêr/sikt og vere avslått utanom desse periodane, seier Per Ove Fossheim i Statens vegvesen.

På testriggen er det montert tre ulike typer lysarmatur. To av armatura er vanlege gatelys som lyser ned mot veibana (gult og kvitt lys). I tillegg testar vi ut ein type lysarmatur som lyser horisontalt begge vegar. I løpet av 2014 vil vegvesenet samanfatte resultata av testinga og finne ut kva slags løysing som er best eigna over Filefjell.