- På morgonen hadde me eit par minusgrader og 10-15 m/sek med vind, og me var litt i tvil om det var lurt å støype denne dagen. Men då vêret var i betring, bestemte me oss for å sette i gang. Ved for mykje vind kunne drivsnø føre til at betongbilane fekk problem med levering, og det ville vere vanskeleg å dekke til støypen i etterkant. Då Hæhre var ferdige å støype 7-8 timer seinare, hadde vinden roa seg og temperaturen gått litt opp, seier kontrollingeniør betong Harald Berstad i Statens vegvesen.

23 betongbilar

Støypinga av overbygninga på Løkenbrui på Filefjell gjekk føre måndag 9. mars. Dette er ein kulvertkonstruksjon som skal fyllast vegmasser over. Rundt 185 kubikkmeter med betong gjekk med i denne etappen, og det svarar til omtrent 23 fulle betongbilar. Støypen vart påført herdemembran rett etter avtrekking for å hindre fordamping. Nokre timar seinare, når betongen hadde herda nok til at ein kunne gå på den, vart det dekka til med isolasjonsmatter og presenning.

I forkant hadde entreprenør sett på varme under brua og telt av presenning rundt forskalinga, slik at den var fri for snø og is og betongen i skøytane hadde god nok temperatur før støypinga tok til. Dette er vanleg ved vinterstøypar.

Utviklar varme

Når betongen står til herding utviklar den sjølv mykje varme, slik at isolasjonen på toppen og tildekkinga rundt brua skal vere nok til å sikre problemfri herding når det ikkje er altfor kaldt. Den kjemiske prosessen under herdinga gir ein temperatur på rundt 50 grader i senter av ein tjukk støyp etter eitt døgn, og synk ned mot lufttemperatur i løpet av ein veke.

Det betongarbeidet som står att på Løkenbrui er avlastningsplater og rekkverksplater med kantbjelkar oppe i vegfyllinga.

Status for andre konstruksjonar på parsellen:

  • Arbeida med fundamenta til Grønabrune startar denne veka.
  • Ved Filefjelltunnelen vart fyrste fundamentet til portalen i vest støypt no på laurdag, så tek dei fatt på portal aust når det vårast.
  • På Nedre Bjørdalsbrune er underbygning støypt, og ein skal til med overbygninga.
  • På Tyinkryssbrune er kulverten støypt, kantbjelkar og avlastningsplater står att.
  • På Kolabrunløypa bru er underbygninga støypt, og ein skal til med overbygninga.
  • Kolabrune er ikkje påbegynt enno.

Hæhre Entreprenør tek ein del av betongarbeidet sjølv, men nokre konstruksjonar er sett vekk til underentreprenør Haugholt Anleggsservice.

- Etter planen til entreprenøren skal størsteparten av betongarbeidet med bruer og konstruksjonar i veglinja vere ferdig i løpet av 2015, seier Harald Berstad i Statens vegvesen.