Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

Tidspunkt for offentleggjering av planprogram for E39 Ørskogfjellet – Vik er utsett.

Opphavleg var det annonsert offentleggjering måndag 24. februar.

Årsaka til utsettinga er at det overordna prosjektet E39 Ålesund – Molde, som delstrekninga E39 Ørskogfjellet – Vik er ein del av, framleis er i ein prosess med å innhente godkjenning av styringsmål for prosjektet.

Styringsmål set føringar for kostnadar. Det er eit krav om at alle vegprosjekt over 1 milliard skal ha styringsmål for å sikre god kostnadskontroll slik at prosjektet ikkje overskrid det som vert satt i Nasjonal Transportplan (NTP). Det er Samferdselsdepartementet som avgjer kva styringsmåla skal vere. 

Arbeidet med å hente inn godkjend styringsmål for det overordna prosjektet er pågåande. Når det er avklart vil offentleggjering av planprogram for delstrekninga bli annonsert.

Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal