Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

Det var godt oppmøte då Statens vegvesen inviterte til informasjonsmøte om planarbeidet for E39 Ørskogfjellet-Vik i Kulturhuset Idahall måndag.

Møtet opna med informasjon frå vegvesenet om prosjektet E39 Ålesund-Molde. Det blei også orientert om det vidare arbeidet kring utarbeiding av detaljreguleringsplan for delparsellen E39 Ørskogfjellet-Vik, samt prosessen rundt grunnerverv.

Etter presentasjonane, som er tilgjengeleg for nedlasting nedst på denne sida, vart det opna opp for spørsmål frå publikum. Fleire i salen hadde spørsmål og innspel om val av trasé.

- Gjennom denne prosessen skal vi vurdere kva vi går vidare med, om det blir linje K2.A med tunnel frå Ørskogfjellet og veg i dagen om Tomrefjord eller tunnel direkte frå Ørskogfjellet til Vik i alternativ K2.B. Førebels er begge linjene relativt grove strekar i kartet og det er gjennom den vidare planlegginga vi får avdekt meir nøyaktig kor dei to alternative veglinjene vil gå. Både fordelar og ulemper skal vurderast for begge traseane, og kva den beste løysinga blir til slutt er framleis eit ope spørsmål, seier planleggingsleiar Magnhild Rømyhr i Statens vegvesen.

- For veg i dagen i alternativ A må vi mellom anna vurdere skredfare, noko vi allereie har bestilt ein førebels rapport på. Deretter må vi gjennomføre ulike grunnundersøkingar i terrenget for å sjå nærmare på forhold som for eksempel skred. Det vil og bli lagt vekt på å kartlegge kva verknadar alternativa vil ha på omgjevnadane. Veglinja som blir tilrådd til slutt vil ikkje minst ha samanheng med kva som gir best forhold mellom kostnad og nytte, legg ho til.

Toplanskryss på Ørskogfjellet

Det vart også stilt spørsmål om korleis kryssløysinga mellom ny og gamal E39 på Ørskogfjellet kjem til å bli utforma.

- Der ny E39 møter dagens trasé mellom Ørskogfjellet og Vestnes blir det eit toplanskryss med ramper. I den vidare prosessen skal vi mellom anna sjå på ulike variantar av dette toplanskrysset, seier prosjektleiar Harald Johnsen i Statens vegvesen.

Vegen mellom Ørskogfjellet og Vestnes vil framleis vere ein del av E136 når den nye vegen er bygd.

Ønskjer medverknad

Både Johnsen og Rømyhr seier seg godt nøgde med kveldsmøtet i Tomrefjord.

- Vi set stor pris på engasjementet. Alle spørsmål og innspel frå informasjonsmøtet har blitt notert og vi tek dei med oss i det vidare planleggingsarbeidet, seier Rømyhr.

I samband med ferdigstilling av reguleringsplanarbeidet blir det eit nytt informasjonsmøte, truleg rundt årsskiftet.

- Medverknad er ein viktig del av prosessen vi no er inne i. Vi har behov for å kartlegge lokale forhold som til dømes kryssingsbehov, turstiar og snarvegar, eigedoms- og driftsforhold, moglege deponeringsområde med meir, og ønskjer alle innspel velkomne, seier Rømyhr.

Det er lagt opp til eigne orienterings- og dialogmøter for grunneigarar som blir direkte råka av planforslaget. Dei dette gjeld vil bli nærmare kontakta av Statens vegvesen.

Målsettinga er ein vedteken detaljreguleringsplan for E39 Ørskogfjellet-Vik før sommaren 2021.

 

Informasjonsmøte Kulturhuset Idahall, Tomrefjord. E39 Ørskogfjellet-Vik
Rundt 150 hadde tatt turen til Kulturhuset Idahall måndag kveld. Foto: Arild Grønsberg
Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal