Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Detaljregulering for massefylling på gnr. 32 Bråstein i Sandnes kommune

Staten vegvesen har i samarbeid med Gjesdal kommune og Sandnes kommune utarbeida reguleringsplan (detaljregulering) for ny E39 frå Ålgård (Bollestad) i Gjesdal kommune til Hove i Sandnes kommune, ei strekning på 14 km. Den nye vegen vil ha to tunnelar, ein frå Limavatnet til Figgjo/Håland og ein frå Figgjo/Håland til Bråstein.

Det vil verta eit stort masseoverskot i dette vegprosjektet. Noko masse vil bli nytta i veglina, men ein stor del av massane vil bli plassert i deponi, til dels i mellombels deponi for foredling av stein- og morenemasser og til dels i permanent deponi. Alle deponi skal til slutt bli tilrettelagt for fulldyrka mark.

Planområdet er vist på kartet. Planområdet er i kommuneplan for Sandnes 2019–2035 disponert som landbruk, natur og friluftsformål, båndleggingssone for regulering og omsynssoner for landbruk og friluftsliv og dessutan kulturminner.

I retningslinjene til kommunedelplanen for E39 Ålgård–Hove, står det at «For overskuddsmasser som må gå til utfylling skal det utarbeides reguleringsplaner og eventuelt konsekvensutredes der det er krav om dette». Planen inneheld nye tiltak nemnt i forskrift om konsekvensutgreiing, vedlegg I eller II. Planen skal difor konsekvensutgreiast. Grunneigarar som vil bli råka av planen, varslast gjennom eige brev. Reguleringsplanen har følgjande PlanID: 201904

Forslag til planprogram for nemnde detaljreguleringsplan sendast samstundes ut på høyring og til offentleg ettersyn, i samsvar med plan- og bygningslovens § 12-9.

Denne kunngjeringa frå Statens vegvesen er i samsvar med plan- og bygningslovas § 12-8.

Merknader

Eventuelle merknader til oppstart av reguleringsplanarbeidet kan sendast innan 28. mai 2019 til:

  • Staten vegvesen, postboks 43, 6861 Leikanger, eller til ,
  • med kopi til: Sandnes kommune, plansjefen, postboks 583, 4305 Sandnes eller

Har du spørsmål kan du kontakte:

Geir Strømstad i Staten vegvesen, tlf. 48899798, og e-post 

 

Aktuelt for fylke(r): Rogaland