Nordfjorden la godsida til denne haustdagen, med lette skyer og frisk bris. Og mange møtte fram, i tillegg til inviterte gjester tok fleire «glopparar» turen til Anda for å feire den nye ferjekaia.

- Komplisert

Ferjesambandet Lote-Anda er det tredje største i Sogn og Fjordane, og har hatt ein jamn vekst dei siste åra. I år vil det bli frakta 860.000 køyrety på sambandet, og den gamle kailøysinga var utdatert.
 
Det nye kaianlegget har auka oppstillingskapasitet og betre av- og påkøyring på ferja.

Arbeidet på kaia starta i januar 2011. For entreprenør Mesta har det vore ei til dels utfordrande oppgåve. Samstundes om dei skulle rydde plass i eit bratt og ulendt terreng, skulle ferjetrafikken gå som vanleg med halvtimesavgangar.

Prosjektet er gjennomført utan skader med fråver, og utan store forseinkingar for trafikantane. Entreprenøren fekk mykje ros for godt utført arbeid, og det var ein glad og letta anleggsleiar som kunne ta i mot heider på opningsdagen.

- Med så mange lovord som har kome i dag – då føler eg at vi har lukkast, sa anleggsleiar i Mesta, Sigurd Storøy.
- Vi har arbeidd i vanskeleg geologi med høge skjeringar og til dels komplisert sprenging. Men vi har hatt med oss røynde vegarbeidarar og dyktige fagfolk, sa Storøy, som også trakk også fram godt samarbeid med byggherre Statens vegvesen.

Vil ha bru

Då ferjesambandet opna i 1968 batt det kommunane Eid og Gloppen saman i eit felles bu- og arbeidsområde.

- Anda ferjekai er porten til Gloppen. Difor er det det ekstra kjekt at det har blitt eit så fint anlegg, sa ordførar Anders Ryssdal(Sp) i si helsing.

Anda-Lote er eitt av to kryssingspunkt som er skissert for ei bru over Nordfjorden. Dette temaet kunne ordføraren ikkje gå forbi.

- Min spådom er at dette ikkje blir siste feiring her på Anda. Om nokre år skal ei ny snor klippast, og det er for brua over Nordfjorden som skal kome her, sa ein overtydd ordførar.

Ei eventuell bru er uansett langt fram i tid. Til då vil nye Anda ferjekai vere eit moderne og godt fungerande anlegg for både ferje og trafikantar.