Prosjektleiar Oddvin Hov fortalde statsråden om prosjektet som skal betre tilhøva på ferjekaia. Ferjesambandet Lote-Anda har hatt jamn auke dei siste åra, og landområdet på Anda har for liten oppstillingskapasitet. Eksisterande ferjelem og pir er også for liten, og tilkomsten til kaiområdet er for dårleg.

God trafikkavvikling

Hov forklarte statsråden korleis området er i dag og planane for prosjektet. Han viste også statsråden 3D-teikningar av korleis kaiområdet vil sjå ut når arbeidet er utført.

Prosjektet skal stå klart i månadsskiftet oktober-november. Innan då skal store mengder stein vekk, om lag 250 000 kubikk. Per i dag er det teke ut ca 230 000 kubikk stein.

Framdrifta går etter planen. Det har heller ikkje vore store problem knytt til avvikling av ferjetrafikken.

- Vi er veldig nøgde med arbeidet på landområdet og entreprenøren si trafikkavvikling. Det har han styrt på ein veldig god måte, det er berre eit par gonger bilar ikkje har rukke ferja, seier prosjektleiaren.

Prosjektet arbeider i dag etter to reguleringsplanar, den eine er frå 2007 og omhandlar det nedre området ved kai og oppstillingsplass. Den andre reguleringsplanen er frå 2010 og omhandlar ei fylling ca ein kilometer frå ferjekaia.

- Her har vi fylt ut ei vik med sprengstein. På denne måten får vi retta opp eksisterande E39, og brukt massen på ein fornuftig måte, forklarer Hov.

Ny veg til heksemonument

Opphavleg var det planlagt å rive den gamle kaien, men sidan det er planar om å gå inn med to ferjer på strekninga let ein den ligge som ei kvilekai. Den eksisterande ferjelemmen blir riven.

Den nye oppstillingsplassen skal ta 120 personbilar. Det vert to avkøyringsfiler som vert fletta i hop, og eigen busshaldeplass. Mot sjøen blir det mura opp eit ope område med sitjeplassar.

- Det skal byggjast eit nytt servicebygg med venterom og toalett, og gangvegen ut til heksemonumentet på Andenes skal pussast opp, fortel Hov.