I gjennomsnitt passerar 3500 bilar på strekninga Bjørset-Skei kvart døgn, og vegen er viktig både som hovudferdselsåre og lokalveg i Jølster.

Våren 2017 starta bygginga av 11 kilometer ny E39. Den 26. august 2019 var det offisiell opning av prosjektet.

Den nye vegen følgjer same linja som gamle E39, men er betydeleg breiare og har betre standard. Frå Årdal til Skei, i alt 6,5 kilometer, er det bygd parallell gang- og sykkelveg. Denne er skilt frå hovudvegen med ei tre meter brei grøft.