Kjøsnestunnelen 12Foto: Silje Drevdal, Statens vegvesen

1 000 meter tunnel

Bak tunnelopninga i Pevika gøymer det seg eit tverrslag som 140 m inne i fjellet delar seg i to: éin arm i retning Kjøsnes, og éin i retning Lunde. No har lengda på det som skal bli den nye tunnelen på rv. 5 nådd fyrste kilometeren.

– Drivinga av tunnelen har gått etter planen, fortel kontrollingeniør Kim Runar Søgnen Haugsbø.

– Det er stort sett god fjellkvalitet her, noko som gjer arbeidet enklare. Utfordringa er bergspenningar på grunn av dei høge fjella, som gjer at ein må sikre grundigare enn om ein hadde hatt same bergkvalitet i låglandet.

Med høve til å driva i begge retningar samtidig, går det raskt framover. Tunneldrivarane byter på å bora hol til sprengstoff i eine enden av tunnelen, medan dei sikrar i den andre. Fjellet blir stabilisert med sprøytebetong og boltar.

1 000 kilo sprengstoff

Om lag eit tonn sprengstoff går med i kvar salve. Kor mykje sprengstoff som går med kjem m.a. an på fjellkvaliteten. Mjukt fjell krev meir sprengstoff, medan det harde fjellet lettare sprekk opp, og ein slik får laus meir av gangen.

– For kvar salve losnar ca. 350 m³ fast fjellmasse, fortel Haugsbø. Til no har me henta ut mellom 80 000 og 90 000 m³, og me nærmar oss halvparten av dei om lag 200 000 m³ me har som mål.

Vinn-vinn

Når han står ferdig, skal tunnelen langs Kjøsnesfjorden vera til saman 6,5 km lang. So langt kjem ein ikkje til å driva i denne omgangen.

– Grunnen til at me har starta no er for å utnytta at ein her har to prosjekt som kan dra nytte av kvarande, fortel byggjeleiar på E39 Bjørset-Skei, Jan Bjarne Thorsnes.

– For å byggja veg treng ein masse. Når ein driv tunnel får ein masse til overs. Ved å starta med tunnelen no slepp me å leita etter massar til å byggja opp vegen mellom Bjørset og Skei med, og me blir kvitt fjellmassar frå tunnelen som me elles hadde måtta deponert. Det er ein vinn-vinn-situasjon.

Kjøsnestunnelen 7Foto: Silje Drevdal, Statens vegvesen

Ein masse masse

Det er strenge krav til kva typar masse ein kan bruka, og kor djupt ned ein må fylla på, for å unngå at vatn og frost under vegbana skal gi skadar på vegen på sikt. God drenering er avgjerande. Før bygginga av vegen kan starta, gjer Vegvesenet grunnboringar og hentar opp prøvar langs den planlagde veglinja. Dersom ein finn massar med god kvalitet, som sand og stein, er faren for tele mindre og då treng ein ikkje grava like djupt. Frostdjupna – kor langt ned i bakken telen kan gå om vinteren – er òg med på å bestemma kor djupt ein må gå. Denne varierer utifrå m.a. høgd over havet og avstand til kysten.

– Mellom Bjørset og Skei må me byggja opp vegbana minimum 80 cm. Der det er dårlege grunnforhold må me i tillegg skifta ut 100 cm med frostsikringslag under dette, fortel Thorsnes. Det kjem òg til å gå med masse til å retta ut vegen, både for å leggja veglinja ut mot vatnet, og for å gi vegen meir jamn høgd ved å heva nokre område.