E39 vart ferdig asfaltert før helga, no blir det fresa kantspor og midtspor. I løpet av dei neste dagane skal oppmerkinga også på plass, og så står det att ein siste rest av rekkverk, fortel Thorsnes.

Frå veke 29 og tre veker framover blir det ferie på anlegget. Innan då skal mesteparten av gang- og sykkelvegen ha fått dekke, og krysset til Årdal i aust skal opnast. Dermed står det berre att litt restarbeid før offisiell opning måndag 26. august. Vi kjem tilbake med meir informasjon om dette arrangementet over ferien.

God sommar til alle🌞