Kontrollmålingar må til ved overtaking av ferdig strekning.Kontrollmålingar må til ved overtaking av ferdig strekning.

Vegen framstår som heilt ferdig med asfalt, rekkverk og åttisone.

Onsdag gjekk entreprenør og Statens vegvesen gjennom strekninga ilag. Frå denne synfaringa vart det utarbeidd ei liste med utbetringspunkt – feil langs vegbana som må rettast opp. Strekninga manglar også det siste laget med asfalt, dette vert lagt til våren.

- Ein del merknader hadde vi, men ikkje fleire enn at vi kan overta strekninga, seier byggjeleiar Jan Bjarne Thorsnes.

Ferdigstillinga av denne parsellen har blitt utsett i tid. Noko av årsaka var ei hending ved Juklestad, der grunnen rasa ut under ein lastebil som dreiv med utfylling, og tok bilen med seg ut i vatnet. Etter dette måtte det gjerast endringar i vidare vegbygging på staden, noko som har forseinka arbeidet.