Om planområdet:

Planområdet er ei 11 km lang strekning av E39 frå Bjørset til Skei i Jølster kommune og målet er at E39 skal forbetrast. Vegen strekker seg gjennom landbruksområde og bygdene Årdal og Helgheim. Dagens veg følgjer vatnet langs mesteparten av strekninga, berre i Årdal, på Helgheim og ved Haugen er vegen trekt vekk frå vatnet. Der vegen ligg i strandsona omfattar strandsona i stor grad gamle vegfyllingar. Fleire elvar og bekkar renn gjennom planområdet mot Jølstravatnet. Bustader og hytter ligg tett på vegen og mange av hyttene ligg på den smale stripa mellom vegen og Jølstravatnet. Området er rikt på kulturminne.

 Tidleg i planprosessen vart det gjennomført ei analyse for å avgjere kva slags tilbod som skulle regulerast for mjuke trafikantar. Kommunestyret konkluderte med at det skal etablerast utvida skulder for mjuke trafikantar Bjørset–Indre Årdal, og separat gang-/sykkelveg mellom Indre Årdal og Skei. Vegstandardklasse S2 blir regulert på strekninga.