Det er utarbeidd kommunedelplan med konsekvensutgreiing for E39 frå Bogstunnelen i Høyanger kommune til Gaular grense. Formålet med planen er å fastleggje framtidig vegløysing for E39 med tilknytingar.

Valt alternativ gir ei kort dagsone i Bogen med parallellført gang- og sykkelveg og av/påramping for trafikk til og frå Vadheim. Rampen med nordgåande trafikk går i dagen i tilnærma same trase som eksisterande E39, mens rampen med sørgåande trafikk vert leia i ein tunnel under ny E39, med akselerasjonsfelt og ein felles brei portal ved dagsona i Bogen. Trafikk frå/mot sør til Vadheim kan dermed nytte rampane og gamlevegen for å kome til og frå.

Forslaget til kommunedelplan viser ein ny 4,2 km lang tunnel frå Bogen, som vil føre bilistane til Ytredalen, der E39 vil fortsetje i dagen fram til grensa mellom Høyanger og Gaular kommune. I Ytredalen er det planlagt eit kanalisert T-kryss som vert kopla til eksisterande E39.