Planprogrammet omtalar alternativ og standard som skal leggast til grunn for planarbeidet og kva for tema som skal konsekvensutgreiast.

Formannskapet vedtok i møte 25.04.12 oppstart av planarbeidet og at planprogrammet skal leggast ut til offentleg ettersyn.

I høyringsperioden vert det halde informasjonsmøte i Vadheim 7. mai.

Merknader skal sendast til Høyanger kommune v/rådmannen, postboks 159, 6991 Høyanger eller som e-post til postmottak@hoyanger.kommune.no Merknadsfristen er 15. juni 2012

Spørsmål om planprogrammet kan rettast til
Høyanger kommune: Jostein Nyland, tlf. 57 71 15 31, Jostein.nyland@hoyanger.kommune.no
Statens vegvesen: Hans Erik Buene, tlf. 57 65 58 15, hans.erik.buene@vegvesen.no