Valt alternativ (alt. 3Cb) gir ei kort dagsone i Bogen med parallellført gang- og sykkelveg og av/påramping for trafikk til og frå Vadheim. Rampen med nordgåande trafikk går i dagen i tilnærma same trase som eksisterande E39, mens rampen med sørgåande trafikk vert leia i ein tunnel under ny E39, med akselerasjonsfelt og ein felles brei portal ved dagsona i Bogen. Trafikk frå/mot sør til Vadheim kan dermed nytte rampane og gamlevegen for å kome til og frå.

Forslaget til kommunedelplan viser ein ny 4,2 km lang tunnel frå Bogen, som vil føre bilistane til Ytredalen, der E39 vil fortsetje i dagen fram til grensa mellom Høyanger og Gaular kommune. I Ytredalen er det planlagt eit kanalisert T-kryss som vert kopla til eksisterande E39. Statens vegvesen tilrår alternativ 3Cb, som har rampar i Bogen, framfor 3Ca, som berre har kryss i Ytredalen, sjølv om alternativet er om lag 150 millionar dyrare.

-Valt alternativ gjer E39 tryggare og raskare, og me får god tilknyting til fv. 55, fv. 93 og til Vadheim. Alternativet tilfredstillar målet om å redusere transportkostnader og reisetid på E39, som ledd i eit effektivt Nord-Sør samband på Vestlandet, seier planleggingsleiar Ellen Njøs Slinde i Statens vegvesen.

Sidan løysinga gir så god tilknytning til Vadheim, ynskjer ikkje Vegvesenet å gå vidare med alternativa med kryss eller rampar inne i tunnelen. Alternativ 3Cb gir den mest fleksible løysinga for avvikling av kollektivtrafikken, og me får E39 med samanhengande fartsgrense på 80 km/t på strekninga. Prosjektet har ein anslått utbyggingskostnad ein stad mellom 780 og 1300 millionar.

Statens vegvesen sender no forslaget til kommunedelplan og konsekvensutgreiing til Høyanger kommune for utlegging til offentleg ettersyn, og det vil bli arrangert informasjonsmøte i Vadheim i samband med planane.