Prosjektet omfatter bygging av busslommar og undergang for gåande og syklande ved krysset E39 Brastad, slik at krysset vert planfritt. På same plass vil det også verte planlagt parkeringsplassar til dei som skal nytte kollektivtilbodet.