Statens vegvesen anbefaler å utvikle E39 Digernes–Vik etter konsept K2.1B med H8- standard (firefelts motorveg med 110 km/t). Det vil seie at strekninga Digernes-Vik skal gå over Ørskogfjellet som i dag. I konseptet er det også veg i dagen mellom Digernes og Dragsundet og i Solnørdalen, tunnel i Landedalen og veg i tunnel under det høgste punktet på Ørskogfjellet og tunnel til Vik.

Statens vegvesen anbefaler ei trinnvis utbygging, med utgangspunkt i K2.0 H5 (2/3-felts veg med midtdelar og 90 km/t).

Samferdselsdepartementet har slått fast at trasé K2 skal leggast til grunn for utbygging av E39 Digernes-Vik. Departementet ønskjer ei vurdering av dei ulike utbyggingsalternativa for strekninga, og kva utbyggingsstandarar som kan gje lågare kostnad og/eller betre kostnytte.