Den første delen av prosjektet starta i underkant av fem kilometer frå Høyanger grense i sør, og gjekk til nordenden av Økslandsvatnet. På denne strekninga vart vegen utbetra og sikra mot ras, blant anna ved ein 800 meter lang tunnel langs vatnet.

Deretter var det nokre kilometer med gul midtstripe, før prosjektet starta oppatt. Det vart bygd om lag 3,5 kilometer ny veg vest for Sande sentrum, med ei ny bru over elva Gaula ved Sandefossen.

Nye E39 Dregebø–Grytås og Birkeland–Sande nord opna 27. juni 2016.