Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Felemusikk, sol som blenkte på vatnet, beitande kyr og varm flaggvind sette ramma for ein festdag i Jølster.

Statsråd Jon Georg Dale flankert av ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg og regionvegsjef Tone Margrete Oppedal.

Etter vel to år med anleggsarbeid og ventetid for trafikantane, var det klart for offisell opning av 11 kilometer utbetra E39 mellom Bjørset og Skei i Jølster, med 6,5 kilometer separat gang – og sykkelveg. Prosjektet er utført til rett tid, med rett kvalitet og utan personskader.

Skugge over markeringa

Denne dagen var eit etterlengta kvileskjær for ein hardt prøvd kommune. I slutten av juli vart den vestlege delen av Jølster råka av ekstrem nedbør med påfylgjande flaum og steinskred. Ein mann er framleis sakna etter at eit ras på sørsida av vatnet tok med seg bilen han sat i.

– Når vi er på vegopningar er det somregel ubetinga glede som pregar dagen. Eg var her for tre veker sidan under heilt andre omstende, og eg vil sende ei helsing til dei som saknar ein av sine kjære når vi står her og feirar dette i dag, sa samferdsleminister Jon Georg Dale i si tale.

Vidare trekte statsråden fram E39 som den viktigaste ferdselsåra på det han kalla Gullkysten.

– Dette er ein omstridd omgrepsbruk, men eg meiner det. Langs E39, som knyt saman heile Vestlandet, vert det skapt enorme verdiar, verdiar som skal flyttast og som skal flyttast trygt, både for dei som køyrer bilane, og dei som bur langs vegen. For kvar vegopning bygger vi landet sterkare og meir konkurransedyktig.

Henta stein frå Kjøsnesfjorden

Men dette er først og fremst ei markering for alle dei som brukar denne vegen til dagleg, la han til.

– Det blir betre no, du høyrer det når lastebilane passerer bak oss, støynivået er redusert, det blir mindre oppbremsing, mindre farlege situasjonar. Det blir rett og slett trivelegare og tryggare å ferdast langs vegen.

Det var relativt lite fjell i veglinja på prosjektet, og Vegvesenet kom difor opp med løysinga å hente stein til vegoppbygging ut av den komande tunellen på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden. I alt er det henta ut 250 000 kubikkmeter fjell til vegbygginga på E39 mellom Bjørset og Skei, noko statsråden også nemnde i si tale.

– Vi skal ta oss tid til å takke Statens vegvesen, som sjølv om det gjekk litt lengre tid, var smarte når dei fann ut at vi kunne bruke lokal stein, og med det få kortare reisetida, få ned klimaavtrykket, og samtidig er godt i gong på eit anna og seinare vegprosjekt. Vi må også takke entreprenørane som har gjennomført eit krevjande prosjekt, for det er vanskeleg å bygge veg der bilane går forbi deg heile tida.

Lang veg fram til ny veg

Vegen fram til utbetring av E39 Bjørset-Skei har vore ei tolmodsprøve for jølstringane, det har vore mange år med planlegging, konseptvalutgreiing, NTP, reguleringsplanar og ekstra kvalitetssikring på toppen av det heile. At dette var ein merkedag, spesielt for dei som bur langs denne strekninga, var heilt tydeleg.

Blant alle dei sommarkledde på vegopninga var det ei dame i bunad, Hildegunn Huus. I augustvarmen hadde ho gått heile strekninga, frå Bjørset til Skei, i alt 11 kilometer i Sunnfjordbunad og bunadssko.

Hildegunn og ektemannen bur på Hus, i det som vart kalla pizza-svingen. For nokre år sidan køyrte ein lastebil av vegen der, og det flaut Grandiosa i Jølstravatnet. Sjåføren slapp heldigvis unna med lettare saker, men i på strekninga mellom Hus og Skei har det vore fleire alvorlege ulukker opp gjennom åra.

Hildegunn har hatt anleggsarbeid rett utanfor stovedøra heilt frå starten, men har ikkje eit vondt ord å seie etter desse to åra.

– Vi har hatt god kontakt både med arbeidarane på anlegget og Vegvesenet, har det vore noko vi har vore misnøgde med så har dei møtt oss på ein god måte, og vi har kome til ei løysing.

Aktuelt for fylke(r): Vestland