Reguleringsplanen for E39 Hovden–Osborg bitt saman planlagt gang- og sykkelveg for strekninga E39 Osborg–Ose vedtatt i 2014 med gang- og sykkelvegen regulert i planen for «Flyplassområdet og delar av Hovdebygda» frå 2011. Fullt utbygd gir dette samanhengande gang- og sykkelveg frå Furene til Ørsta sentrum.

Planen ligg ute til offentleg ettersyn til 22. oktober 2018

Planen viser fleire tiltak som vil forbetre trafikktryggleiken på strekninga. Sjølve gang- og sykkelvegen vil også gi auka tryggleik, og bidra til at fleire vil gå og sykle i staden for å køyre bil. Fleire bustadar får betre støyforhold enn dei har i dag.

Planen legg til rette for bygging av følgjande:

  • Ei ny planfri kryssing for gåande og syklande.
  • Utbetring av ramper i tilknyting til ein eksisterande undergang slik at den tilfredsstiller krav til universell utforming.
  • 1880 meter ny gang- og sykkelveg.
  • Stenging av 1 kryss og 3 avkøyrsler i samband med utbygging av tiltaket.
  • Krav om stenging av ytterlegare 1 kryss og 4 avkøyrsler ved regulering/utbygging av tilliggande areal.
  • Utbetring av 2 busslommer med omsyn til universell utforming, flytting av 3 busslommer inkl . oppgradering til fullverdig standard. Utbetring av 1 eksisterande busslomme der den ligg i dag til fullverdig standard slik at dei har tilfredsstillande breidde og lengde, samt er universelt utforma.
  • 340 meter støyskjerming.
  • Utviding av 915 meter E39 til ei breidde på 9 meter.

Den vesentlegaste ulempa med planen er inngrep i dyrka mark og inngrep i private eigedommar samt innløysing av bustadhus og andre bygningar. Statens vegvesen har hatt møter med alle eigarar av bustadhus som kan bli innløyst på bakgrunn av denne reguleringsplanen.