Flaskehalsen på E39 over Kvelluren i Sandnes blei opna for bilistane allereie i juli. Siste del av prosjektet blei ferdig i oktober og den offisielle opninga skjedde fredag i sist veke.

- Dette betyr mykje for folk som skal til og frå arbeid. Her har vi løyst opp i ein trafikkork – anlegget har blitt kjempebra. Alle ynskjer at det skal vere attraktivt å bu på Nord-Jæren. Då treng vi infrastruktur som duger, og det er Hove-Sandved eit eksempel på, poengterte statsråden.

Smil og surt

I lag med fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal, regionvegsjef Helge Eidsnes og ordførar i Sandnes, Stanley Wirak, skar Solvik-Olsen av bandet som var spent over den eine vegbana på Hove bru.

- Det er ei ære og ei glede å få erklære Hove-Sandved for offisielt opna, sa ein høgtidsstemt Ketil Solvik-Olsen.

Prosjektleiar Per Ove Stokkeland smilte godt sjølv om det var småsurt, for han og folka hans fekk mange godord og helsingar frå gjestene.
Sandnesordførar Stanley Wirak var i festhumør.

- Gratulerer med dagen og eit flott anlegg. Det har kosta litt, faktisk 730 millionar kroner, men det er verd kvar einaste krone.

- Bygg vidare

- Vi er klar til å bygge vegen vidare. Vegvesenet er klar til bygge, og eg forstår at samferdsleministeren også meiner det er ein god idé å bygge vidare. Vegvesenet seier dei er klar i 2020, og då seier vi at vi startar å grave i 2020, sa Wirak.

Ordføraren siktar til neste etappe av utbygginga på E39, som er firefeltsveg frå Hove til Ålgård.

Då arbeidet tok til i april 2015 var det store køproblem i morgon- og ettermiddagsrushet. Hovudmålet har vore å betre standarden og trafikktryggleiken.

Trafikktryggleik

Regionvegsjef Helge Eidsnes trakk fram at hovudpulsåra i Sandnes no endeleg har fått betre standard, trafikktryggleik og mykje betre framkomst for trafikantane.

Store delar av arbeidet har skjedd kloss i vegar med høg trafikk. Trass i mange omleggingar har det vore få klager frå trafikantar og naboar.

- Kanskje på grunn av informasjon på prosjektet si heimeside samt god kommunikasjon gjennom blant anna sosiale medier i heile byggefasen, sa regionvegsjefen.

Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal helsa også.

- Vegopningar er alltid kjekke å vere med på. Gode vegar gjer ein forskjell i kvardagen til folk flest, poengterte fylkesordføraren.

Første ledd i utbygginga sørover

Entreprenør Skanska AS starta arbeidet våren 2015. Den første av dei store milestolpane var 29. desember 2016. Då opna nye Kvelluren bru. Den 7. juli i sommar blei E39 mellom Hove og Sandved opna, med fire køyrefelt over Kvelluren. Med det var ein etappe til i utbygginga av fire felt på E39 sørover ferdig.

10. oktober overtok Statens vegvesen anlegget offisielt frå entreprenør Skanska AS.

Nokre fakta

  • E39 er utvida frå to til fire felt med midtdelar på strekninga Hove-Sandved, rundt 1550 meter. E39 er 23-26 meter brei
  • Kryssa til/frå E39 til riksveg 13 og fylkesveg 325 Jærveien er bygd om
  • 1300 meter av fylkesveg 325 Jærveien og riksveg 13 på Hove er bygd om
  • Fem bruer er bygd. Ei bru er i tillegg forlenga 
  • Nye Kvelluren bru er ei av dei fem nye. Brua er 345 meter lang og 12,3 meter brei 
  • 5140 kubikkmeter betong og 1000 tonn armering gjekk med i bygginga av brua