Statens vegvesen har gleda av å invitere til opninga av E39 Hove-Sandved fredag. Seremonien skjer på Hove bru.

Første ledd i utbygginga sørover

Arbeidet starta våren 2015. Den første av dei store milestolpane var 29. desember 2016. Då opna nye Kvelluren bru. Den 7. juli i sommar blei E39 mellom Hove og Sandved opna, med fire køyrefelt over Kvelluren. Med det var en etappe til i utbygginga av fire felt på E39 sørover ferdig.

10. oktober overtok Statens vegvesen anlegget offisielt frå entreprenør Skanska AS.

Utfordringar


Då arbeidet tok til i april 2015 var det store køproblem i morgon- og ettermiddagsrushet. Hovudmålet har vore å betre standard og trafikktryggleik.

Mykje av arbeidet har skjedd kloss i vegar med høg trafikk. Trass i mange omleggingar har det vore få klager frå trafikantar og naboar.

- Å arbeide i eit område med så mykje trafikk har vore utfordrande. Men det har gått godt, og nå er vi glade for at trafikantane har fått ein meir trafikksikker veg med betre framkomst, seier prosjektleiar Per Ove Stokkeland i Statens vegvesen.

Det viktigaste av det som er gjort:

 

  • E39 er utvida frå to til fire felt med midtdelar på strekninga Hove-Sandved, rundt 1550 meter. E39 er 23-26 meter brei
  • Kryssa til/frå E39 til riksveg 13 og fylkesveg 325 Jærveien er bygd om
  • 1300 meter av fylkesveg 325 Jærveien og riksveg 13 på Hove er bygd om
  • Fem bruer er bygd. Ei bru er i tillegg forlenga 
  • Nye Kvelluren bru er ei av dei fem nye. Brua er 345 meter lang og 12,3 meter brei
  • 5140 kubikkmeter betong og 1000 tonn armering gjekk med i bygginga av brua
  • Totalkostnaden for prosjektet er rundt 730 millionar kroner