Tidlegare låg det to busstopp langs E39 i Instefjord, ca. 450 meter frå Instefjordkrysset, i retning Oppedal. Desse er no erstatta av ei ny busslomme ved krysset til fv.1. Her er det i tillegg til av- og påstigning til buss, også etablert parkeringsplassar.

På den nye stoppestaden er det eit bussanropsanlegg der passasjerar som skal vere med bussen aktiverer eit stoppsignal. På denne måten vert bussjåføren varsla om at det er passasjerar som skal gå på, og vil svinge innom.

Den nye busslomma vil bli sett i drift frå 30. juni kl. 12:00.