2. gongs offentleg ettersyn av reguleringsplan for E39 Kristisetra - sidevegsregulering

Statens vegvesen Region midt har i samarbeid med Vestnes kommune utarbeidd reguleringsplan for E39 Kristisetra - sidevegsregulering. Planen omfattar ei kort strekning (ca. 500 meter) langs E39 ved Kristisetra i Skorgedalen, og legg til rette for å legge om avkøyringane på strekninga.

Reguleringsplanen skal vise tiltaket og bruk av dei areala som blir nytta. Reguleringsplan er også i mange tilfelle nødvendig rettsgrunnlag for gjennomføring av tiltak og utbygging, blant anna ved eventuell ekspropriasjon av grunn.

Planen er no oversendt Vestnes kommune for 2. gongs offentleg ettersyn. Planen vert handsama i Vestnes kommunestyre 1. oktober 2015.

Planen ligg på følgjande stader:

  • Vestnes kommune, Rådhuset
  • Statens vegvesen, Fylkeshuset, Molde
  • Internett: www.vestnes.kommune.no
  • og som vedlegg på denne sida

Desse kan svare på spørsmål om planen:

Statens vegvesen ved Dick Brevik
e-post: dick.brevik@vegvesen.no 
telefon: 22 07 30 00 / 71 27 42 82

Vestnes kommune ved Jan Rune Jacobsen
e-post: jan.rune.jacobsen@vestnes.kommune.no
telefon: 71 18 40 47 / 951 04 369