Utfordringar med trafikkork i rushtida, for lite bruk av sykkel og kollektivtransport, og framtidig sentrumsutvikling var nokre av problemstillingane som vart lufta på møtet i Førdehuset 6. mai.

Ordførar Olve Grotle leia møtet, som første time gjekk med til presentasjonar av E39 Langeland-Moskog ved Vegvesenet og Trafikkplan Førde ved Førde kommune. (Presentasjonar i .pdf-format ligg ved nedst) Etter presentasjonane vart det opna for spørsmål frå salen.

- Førde har ein større overdekning i arbeidsplassar enn Bergen og Ålesund, sett i forhold til folketalet, og me er motoren ikkje berre i Sunnfjord, men i heile Sogn og Fjordane. Men skal Førde utvikle seg, må me få samferdsel på plass, og om 20-30 år vil trafikksituasjonen vere prekær, dersom me ikkje gjer viktige grep, sa ordførar Grotle i si innleiing.

Ny E39

Planleggingsleiar Ingar Hals i Statens vegvesen presenterte reguleringsplan for E39 Langeland-Moskog, og gjekk gjennom prosessen fram mot vegvesenet sitt tilrådde alternativ, med tunnel frå Myra sør for Langeland til Brulandsberget og ny tunnel frå Viegjerdet til Moskog. Vegen er planlagt med midtrekkverk og toløpstunnelar, og har ein anslått utbyggingskostnad på 4 til 5 milliardar.

- Tilrådd alternativ er det som best tilfredsstiller mål om å redusere transportkostnader for både gjennomgangs-trafikken og trafikk til og frå Førde utan at kostnadene blir svært store. Alternativet vil heller ikkje binde opp framtidig viktige areal i Førde, sa Hals.

Arve Seger er prosjektleiar for Trafikkplan Førde sentrum, og han la fram ein liste med tiltak i sentrumsområdet (sjå vedlegg under).

- Me treng fleire nye vegar for å avlaste dagens trafikksituasjon, men for å få best effekt må den delen av trafikken i Førde som er gåande og syklande aukast. Me må også få fleire over på kollektivtrafikk, sa Seger.

Kostnader

Under spørrerunda frå salen sat Nils Magne Slinde og Ingar Hals frå Vegvesenet og Arve Seger og rådmann Ole John Østenstad frå Førde kommune i panelet.

Spørsmåla gjekk mellom anna på vegstandard og kostnadar på ny E39, og nokre kommenterte at kostnadene var blitt så høge at det vil ta svært lang tid før prosjektet får finansiering.

- Det er blitt vanvittig dyrt å bygge veg, og når me ser at det kjem rundt 300 millionar til veg i Sogn og Fjordane kvart av dei neste ti åra kan det ta 20 år å finansiere ny E39. Korleis kan me få det til å gå fortare, spurte John Helge Lunde, og fekk til svar frå Nils Magne Slinde at utfordringane med å få nok pengar er store, men at godt politisk arbeid og eit spleiselag mellom offentlege midlar og bompengar kan få ting til å skje fortare.

Fleire kommenterte sykkelsatsinga i Førde, kor sykkelvegane burde plasserast, og utfordringane med å få folk over på sykkel og kollektivt når det er gratis parkering i Førde.

Les meir frå spørsmålsrunda i NRK si dekning av møtet her og her.