Kommunedelplan E39 Langeland–Moskog

Denne planen vart einstemmig godkjent i bystyret i Førde og kommunestyret i Gaular i samsvar med tilrådinga om at alternativ 3 Myra–Brulandsberget–Viegjerdet skal vere framtidig trase for E39. 

Kommunedelplan trafikk Førde sentrum

Eit av dei tema som har vore oppe i samband med handsaming av denne planen er gang- og sykkelsamband frå Hafstad bydel mot Vie/Brulandsvellene. Det er avklara at eit slikt samband skal byggjast på sørsida av Jølstra fram til Brulandsvellene, men at ein i vidare planarbeid i samråd med m.a. Fylkesmannen og skal vurdere ei meir direkte linje mot Vie sør for sjukehuset. Ei gangbru over Jølstra direkte frå Førdehuset til Hafstad bydel er teken ut av planen.

Elles er den einaste endringa frå planen som vart sendt på høyring at gang- og sykkelsamband langs fv. 609 Steinavegen og utbetring av krysset mellom E39 og fv. 609 er prioritert opp til «Bør prioriterast høgt».