- Me ser fram til ein flott opningsseremoni på begge sider av fjorden, og el-ferja MF Ampere vil få ei naturleg rolle i feiringa, seier prosjektleiar Oddvin Hov i Statens vegvesen.

Vegopninga vil starte klokka 11.00 på Oppedal ferjekai, der det blir talar, musikk og snorklypping. Statssekretær Tom Cato Karlsen (Frp) har meldt sin ankomst frå Samferdselsdepartementet i Oslo, og han vil stå for snorklypping på begge ferjekaiar. Regionvegsjef Helge Eidsnes og ordførarane frå vertskommunene Gulen og Høyanger vil vere blant gjestane på opninga.

Med Ampere

Turen frå Oppedal til Lavik går sjølvsagt med MF Ampere, og det vil bli ein seglas utanom det vanlege, med festleg stemning og servering om bord.

På Lavik ferjekai blir det fleire talar, korpsmusikk og kulturelle innslag. Både Gulen og Høyanger kommune vil setje sitt preg på markeringa av kaiane og ferjesambandet som knyter E39 på dei to sidene av fjorden saman. I Lavik blir det også servering av kaffe og kaker til dei frammøtte.

NCC og PEAB

Dei nye kaianlegga i Oppedal og Lavik er utført av hovudentreprenørane NCC og PEAB. Byggjetiden har vore på rundt 2 1/2 år.