Sakshandsaminga i kommunestyret vart innleia med at Marius Slinde frå Statens vegvesen presenterte forslaget til planprogram, samt svara på spørsmål frå kommunestyrerepresentantane. Deretter var det ein grundig debatt, før det til slutt var avstemming i saken. Avstemminga resulterte i at kommunestyret fatta følgjande vedtak:

  1. Kommunestyret fastset i medhald av Plan- og bygningslova §§ 4-1, 11-13 og 14-2 planprogram datert 02.06.2014 for kommunedelplan for E 39 Heiane–Ådland/ Nordre Tveita. Planprogrammet skal liggja til grunn for utarbeiding av kommunedelplanen og konsekvensutgreiinga.
  2. Kommunestyret vil allereie ved oppstart av dette planarbeidet presisere at ein i det vidare arbeid må leggje vinn på å finne fram til trace/vegløysingar som i størst mogleg grad skjermar Landåsen.
  3. Kommunestyret ser det som ein føresetnad at det vil bli mulig å ferdast på interne parallelle veier mellom krysset på E39 Vestlivegen og Heiane.