Vegdirektoratet sin konklusjon er at dei støtter Statens vegvesen Region vest si motsegn mot alternativ 5. Dei meiner både alternativ 2 og 4 har tenlege løysingar. På bakgrunn av konsekvensutgreiinga, Fylkesmannen sine merknader om naturomsyn og byutvikling, samt diskusjonen under synfaringa, rår Vegdirektoratet til at alternativ 2 vert valt.

Miljødirektoratet rår også til å velje alternativ 2. Dei vurderer at det er dette alternativet, med føreslegne endringar, som samla sett vil gi minst negative konsekvensar. Det vert særleg vektlagt at markaområda framleis vil vere skjerma for støy og fysiske inngrep.

Ein kan laste ned heile vurderingane til dei to direktorata til høgre på sida her.

Det vidare forløpet i motsegnsprosessen er no at Samferdsledepartementet og Miljødepartemenetet, med utgangspunkt i vurderingane som direktorata har gjort, gjer si eiga vurdering av saken. Deira tilrådingar går så til Kommunal- og moderniseringsdepartemenetet for endeleg avgjersle i saken.