Ordførar Harry Herstad og nesten heile formannskapet kom til orienteringsmøtet på Stord trafikkstasjon

Nyttig møte

– Det kan vere svært nyttig å invitere desse kommunepolitikarane til eit slikt felles møte, så får alle same informasjon samtidig, seier planprosjektleiar Marius Slinde i Vegvesenet. Han har hatt ansvar for denne planprosessen.

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen avdeling Hordaland, Olav Finne innleia møtet med å ta forsamlinga tilbake til planstart. Grunnlaget var tryggare veg forbi Leirvik med alle dei stygge ulukkene som har vore. Den verste ved Ådland bru – éi av dei 40 politirapporterte ulukkene dei siste 10 åra.

– Arbeidet med denne kommunedelplanen kom i gang før den statlege konseptvalutgreiinga (KVU) for E39 Aksdal–Bergen var avgjort og det vart bestemt at statleg plan skulle nyttast ved vidare planlegging av denne strekninga, seier Finne. Vi valte å halde fram med planprosessen på kommunalt nivå, med von om at planlegginga vert fortare ferdig og at spaden kan settast raskare i jorda.

KVU E39 Aksdal–Bergen  krev at denne kommunedelplanen skal samsvare med Ferjefri E39, det vil seie motorveg med 110 km/t. Dette var førre regjeringa si satsing på Vestlandet, noko noverande regjeringa har vidareført.

– Når de vedtar ein kommunedelplan fastset de vidare bruk for framtida, sa Finne. Døme på dette kan vere nedgang i trafikkulukker og nesten halvert reisetid.

Finne understreka at dersom kommunen har bruk for bistand under det vidare arbeidet, så stiller Vegvesenet opp.

Presentasjon av planen

Planprosjektleiar Marius Slinde gjekk gjennom dei ulike alternativa der han presenterte vegen i terrenget i 3D-animasjon. Kva løysingar som er vald for kryss og tilkomst og kva omsyn som ligg til grunn for løysingane.

Fire alternativ ligg føre, der 1 føl eksisterande veg stort sett og 5 inneheld lang tunnel under Landåsen. Statens vegvesen har levert motsegn på desse to fordi 1 ikkje oppfyller krava til ny E39, og 5 fordi det ikkje kan forsvarast i høve prisen.

– Vi vil tilrå alternativ 4, som er 375 mill.kr billegare å bygge, seier Finne. Her kjem i tillegg svært høge samfunnskostnader med tanke på drift dersom den lange tunnelen skal byggast.

Eit tidlegare alternativ 3 har falle ut fordi 2 og 4 vart dekkande.

Tilbakemeldingar og spørsmål

Ordførar Herstad takka for arbeidet og for ein flott gjennomgang.

– Vi var svært spente på tilrådinga, og no må vi få tid til å studere planane. Eg forstår at 4 og 5 er best, men Landåsen er vår «indrefilet» og den ønskjer vi å verne så godt som muleg. No startar den politiske prosessen her, seier Herstad.

Spørsmål og avklaringar avslørte at dette er ei viktig vegsak for lokalpolitikarane. Dersom dei bestemmer seg til å gå for alternativ 5 vil saka gå til mekling hos Fylkesmannen og kanskje hamne innanfor den statlige planlegginga for Aksdal-Bergen. Denne «omvegen» kan gjere at gjennomføringa kan ta lenger tid, men kan hende er Landåsen verd det.

Kommunedelplanen må uansett opp i Samferdsledepartementet før prosjektet kan kome inn i Nasjonal transportplan (NTP) og bli tildelt midlar.