I samsvar med planprogrammet er det fire ulike planalternativ som er utgreidd. Fristen for å sende inn merknadar er sett til 12. februar.

Planforslaget omfattar kommunedelplankart, føresegner og planomtale. Dette er lagt ut saman med teikningshefte, ulike konsekvensutgreiiangar og deltema-rapportar under Planmaterial.

Merknadar til planforslaget må sendast Stord kommune innan 12. februar.
Merknad sendast anten pr. e-post (post@stord.kommune.no) eller pr. post (Stord kommune, postboks 304, 5402 Stord). Vi oppmodar om at det vert synt til saksnummer 2013/2055.

Informasjonsmøte og kontordag i høyringsperioden

Som del av opplegget for medverknad vert det arrangert informasjonsmøte og kontordag. På informasjonsmøtet vil planforslaget verte presentert av Statens vegvesen. Møtet vil finne stad i Stord kulturhus (storsalen/kinosalen) torsdag 7. januar kl. 18:00.

På kontordagen er Statens vegvesen sin prosjektleiar og Stord kommune sin sakshandsamar tilgjengeleg for å møtast og svare på spørsmål ein skulle ha om planane. Kontordagen vert på Stord rådhus fredag 8. januar mellom 08:00 og 12:00.

Konsekvensutgreiing ikkje-prissette tema, deltema-rapportar

I tillegg til plandokumenta føreligg det også deltema-rapportar for dei ikkje-prissette tema i konsekvensutgreiinga. Dette er underlagsrapportar for samlerapporten for ikkje-prissette tema, og sidan desse ikkje er del av dokumenta som høyrer til planforslaget, er dei lagt ut som Temarapporter under Planmaterial..