Det vart også vedteke å legge forslag til planprogram ut til offentleg ettersyn. Frist for å komme med innspel til oppstarten av planarbeidet og/eller forslaget til planprogram er sett til fredag 9. mai 2014 .

Føremålet med planarbeidet som no vert starta opp er å fastsette trasé og andre overordna prinsipp for utviklinga av E39 mellom Heiane og Ådland/Nordre Tveita. Gjennom planarbeidet skal ein utgreie konsekvensane ved fleire mogelege alternativ før planarbeidet vert avslutta med at ein vel kva alternativ som skal ligge til grunn for den vidare utviklinga av E39 på strekninga.

Planprogram, ikkje planforslag

Dokumentet som no ligg ute til offentleg ettersyn er planprogrammet for kommunedelplanarbeidet . Her vert premissane for planarbeidet som skal gjennomført fastlagt, til dømes kva traséar for E39 som skal utgreiast i plarbeidet. Planprogrammet må ikkje forvekslast med planforslaget, der innhaldet i dei ulike planalternativa vil vere meir detaljert og konsekvensane ved desse vil verte utgreidd. Planforslaget skal utarbeidast på bakgrunn av premissane som er fastlagt i planprogrammet. Planforslaget vil verte utlagt til offentleg ettersyn, før val av alternativ vert gjort.

Informasjonsmøte

Onsdag 26. mars kl. 18:00 skipar Statens vegvesen og Stord kommune i stand ope informasjonsmøte om planarbeidet i auditoriet i Stord idrettspark Vikahaugane. På dette møtet vil ein gå gjennom innhaldet i planprogrammet. Det vil i praksis seie bakgrunnen for planlegginga og korleis planleggingsarbeidet er tenkt gjennomført.

Ta gjerne kontakt

Dersom noko er uklårt eller ein har spørsmål til planarbeidet, kan ein gjerne ta kontakt. Kontaktpersonar for planarbeidet er:

Merknadar

Dersom ein har merknadar til oppstarten av planarbeidet og/eller forslaget til planprogram må desse sendast inn innan fredag 9. mai, saksnummer 2013/2055. Merknadar skal sendast Stord kommune, og kan anten sendast pr. post eller pr. e-post:

  • Postadresse:
    Stord kommune
    Regulering, byggesak og oppmåling
    Postboks 304
    5402 Stord
  • E-postadresse:  rbo@stord