Statens vegvesen har motsegn mot alternativ 1 på grunn av feil vegstandard og alternativ 5 på grunn av, det me vurderer som, unødig store kostnadar. Fylkesmannen i Hordaland har motsegn mot alternativ 2, 4 og 5 på grunn av konflikt med grøntkorridor som er trekkveg for hjortevilt på Heiane, samt forekomstar av fattig boreonemoral regnskog. Stord kommune ynskjer alternativ 5, jamfør vedtak som kommunestyret fatta 28. april.

Det går fram av brev datert 28. juni, at Fylkesmannen rår departementet til å velje alternativ 2. Heile oversendingsbrevet finn ein nedst på sida se under «Last ned».