Artikkelen er fra 2014, og innholdet kan være utdatert.

I forslaget til revidert planprogram har Statens vegvesen utvida planområdet noko lenger sørvest enn først tenkt. Stord kommune vedtok 3. desember å legge det reviderte planprogrammet ut til offentleg ettersyn.

Med denne utvidinga ynskjer Vegvesenet å fastsetje også kvar framtidas E39 skal gå forbi Heiane.

Formannskapet i Stord kommune vedtok altså i sitt møte 3. desember å legge forslaget til revidert planprogram ut til offentleg ettersyn.

På Stord kommune sine nettsider kan du også sjå korleis du kan komme med innspel til utvidinga av planområdet og/eller det reviderte planprogrammet.

Engasjert debatt

I same møte i formannskapet vart det også ein engasjert debatt om dei ulike trasealternativa, sjølv om denne saka ikkje opphavleg stod på dagsorden. Blant anna var vern av skogsområdet Landåsen eit tema.

- Då saka var til politisk handsaming i juni, forstod me det slik at fleirtalet i formannskapet også ønska å få utgreidd alternativet med veg i dagen gjennom Landås, før ein eventuelt såg vekk frå det fordi det samla sett ikkje er det beste alternativet, seier planprosjektleiar Marius Slinde i Statens vegvesen.

 (sjå alternativ 4 på illustrasjonen under)

I formannskapet denne gongen vart det tydelegare signalisert at dei negative konsekvensane for Landåsen vil verte så store med alternativ 4 at dette alternativet er uaktuelt, uansett kor fordelaktig alternativet skulle vere på andre område. 

- Me tek signala til etterretning og kjem attende med ei tilbakemelding på desse på nyåret når saka om fastsetting av reviderte planprogrammet skal opp til handsaming, opplyser Slinde.

Alternativ 4
Aktuelt for fylke(r): Vestland