Med denne utvidinga ynskjer me å også fastsette kvar framtidas E39 skal gå forbi Heiane. Bakgrunnen for at me ynskjer dette er at det då i større grad kan verte ei samordning mellom vegframføringa og utbygging av Heiane vest og Heiane sør.

Denne endringa i premissane for planarbeidet er så stor at det er naudsynt å revidere planprogrammet for kommunedelplanarbeidet. Statens vegvesen har laga forslag til revidert planprogram og dette er sendt Stord kommune i dag. Stord kommune vil no syte føre naudsynt sakshandsaming av dette. Når det er vedteke av kommunen at forslag til revidert planprogram skal leggast ut til offentleg ettersyn vert dette også lagt ut her på prosjektet sine nettsider.