Artikkelen er fra 2016, og innholdet kan være utdatert.

Torsdag 28. april skal Stord kommunestyre slutthandsame forslag til kommunedelplan for E39 Heiane–Ådland/Nordre Tveita. Statens vegvesen ynskjer alternativ 4, medan innstillinga frå administrasjon og formannskapet er alternativ 5.

Tunnel under Landåsen eller ikkje?

Alternativet som Statens vegvesen ynskjer inneber at ein har ein kort tunnel gjennom Kollane, så veg i dagen gjennom Landåsen, før ein går inn i tunnel under Lønningsåsen. Formannskapet ynskjer samanhengande tunnel på heile strekninga, ei løysing som Statens vegvesen har retta motsegn mot fordi me ikkje kan sjå at dei miljømessige gevinstane kan forsvare ein auka utbyggingskostnad på 375 millionar kroner.

Landåsen sett i fugleperspektiv frå Heiane aust med alternativ 4

 

Landåsen sett i fugleperspektiv frå Heiane aust med alternativ 5

 

Dersom kommunestyret føl innstillinga i saken og vedtek alternativ 5, vert det altså vedteke eit alternativ som det er motsegn mot. Då vil ikkje vedtaket til kommunestyret vere endeleg, men saka vil verte sendt til Fylkesmannen for eventuell mekling. På dialogmøte tidlegare i vår har Fylkesmannen i Hordaland, Stord kommune og Statens vegvesen avklart at det ikkje er naudsynt å bruke tid på mekling i denne saken, sidan det ikkje er mogeleg å «møtast på midten», men det må veljast om ein skal ha tunnel eller ikkje. Difor vil saken verte sendt vidare frå Fylkesmannen til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg vedtak.

Justering av planforslaget etter høyringa

Det planforslaget som kommunestyret får til behandling er justert på fleire punkt etter høyringa tidlegare i vinter. Blant anna skal det nemnast at det er lagt inn krav om ei rekke avbøtande tiltak som skal gjerast dersom alternativ 4 vert valt, for å vege opp for negative konsekvensar for friluftslivet i Landåsen. Det oppdaterte planmaterialet finn ein no under «planmaterial» i menyen til venstre.

Nye støysonekart for Landåsen

Statens vegvesen har heile tida sagt at dersom alternativ 4 skulle verte valt, så ynskjer me å etablere langsgåande støyskjerming langs E39 mellom dei to tunnelane i dette alternativet. I dei opphavelege støysonekarta var ikkje dette teke høgde for, og difor har me heile tida sagt at støysbelastninga vil verte vesentleg mindre enn det støykarta har synt på grunn av skjermingstiltaka. No har Statens vegvesen fått utarbeidd nye støysonekart for alternativ 4 i Landåsenområdet, og desse syner at det er hald i påstanden frå vegvesenet. Dei oppdaterte støysonekarta finn du under «temarapporter» under «planmaterial» i menyen til venstre.

Aktuelt for fylke(r): Vestland