Sidan det reviderte planprogrammet vart fastsett 12. februar, har det nok for mange vore ganske stille frå prosjektet, men arbeidet går for fullt.

Mykje som skal lagast til

Forslag til vegløysingar og skisseprosjekt for bruer er ferdig for ei tid tilbake. No er det konsekvensutgreiing av som føregår. Dei delane av konsekvensutgreiinga som gjeld ytre miljø, lokal utvikling samt risiko og sårbarheit vert ferdigstilt av konsulenten Rambøll Norge AS i desse dagar.

Vidare arbeid før planforslaget er klart for oversending til kommunen for handsaming er då konsekvensutgreiing av økonomiske forhold, 3D-visualisering, samt utarbeiding av plankart, føresegner og planomtale.

Grunnundersøkingar

Den nærmaste tida vil Statens vegvesen gjere grunnundersøkingar i Landåsen og Studalen. Det vil seie at ein borar seg ned i grunnen til ein treff fast fjell. Arbeidet kan opplevast som støyande.

Undersøkingane må gjerast på dette plannivået for å avklare djupn til fjell der ein i nokre av alternativa har tunneltraséar. Dette er informasjon som er viktig for å kunne estimere byggekostnadane så rett som mogeleg.